This is a fan translation of the 2008 book "Little Brother" by Cory Doctorow into Nynorsk Norwegian.
It is available here: https://tanketom.github.io/veslebrorserdeg/ And with time, here: https://veslebrorserdeg.com/
Boka "Little Brother" av Cory Doctorow kom ut i 2008. "Veslebror" er ei fanomsetjing til nynorsk, maskinomsett, og så redigert av Kvefsebol forlag v/Andreas Hadsel Opsvik. Som sitt opphav er omsetjinga utgitt på ein Creative Commons BY-NC-SA-lisens.
Boka “Little Brother” tidlegare gitt ut på nynorsk frå Samlaget som “Veslebror ser deg” i 2009. Boka er vel omsett av Øystein Vidnes, som gav han Kulturdepartementets Oversetterprisen same året.
I motsetning til enkelte andre utgivingar i andre land vart ikkje Samlaget si omsetjing lagt ut med Creative Commons-lisensar – dei gav likevel først ut halve boka gratis på nett på veslebrorserdeg.com(Wayback Machine-lenke frå tidleg 2010), og resten kun på direkte oppfordring, før dei etter press frå forfattaren og nørds i Noreg gav ut heile boka gratis.
Men det tok ikkje lang tid før domenet døydde ut, og tilgangen til boka vart vekke – og i dag er einaste måten å få lest boka å låne den gjennom ei biblioteksteneste, å kjøpe den brukt, eller å få tilsendt PDF-fila frå ein anna fan. Eg vert glad når kultur meint for å vere i det fri får vere i det fri, og irriterte meg veldig då den norske omsetjinga sitt digitale fotavtrykk vart vekke.
Så dette er mi omsetjing, hjulpen av maskinomsetjing, med meg som redaktør og finlesar. Den er ikkje like god som Vidnes si, men den finst, og er fritt tilgjengeleg, og er lagt ut under same lisens som originalen. Om Samlaget ynskjer å få den opphavlege omsetjinga si ut i verda, så stiller eg meg tilgjengeleg for å legge den ut her.