Skip to content

Commit

Permalink
chore: nytt innlegg - velkomen til bloggen
Browse files Browse the repository at this point in the history
  • Loading branch information
adalinesimonian committed Feb 24, 2024
1 parent 94eb4ae commit 8976337
Show file tree
Hide file tree
Showing 4 changed files with 42 additions and 0 deletions.
42 changes: 42 additions & 0 deletions _posts/2024-02-24-velkomen-til-ordbok-api-utviklingsblogg.md
Original file line number Diff line number Diff line change
@@ -0,0 +1,42 @@
---
layout: post
title: Velkomen til Ordbok API utviklingsblogg
date: 2024-02-23 21:11:43 -0800
image: post-image.png
author: asimonian
categories: nyheiter
summary: 'I dag lanserer me bloggen for utvikling av Ordbok API. Her vil me dela nyheiter og oppdateringar om Ordbok API. Les meir om kva me har planlagt.'
---

Sidan starten av Ordbok API har prosjektet vakse frå eit hobbyprosjekt til ei fullverdig teneste med ein langsiktig visjon. På denne reisa har eg samla verdifull kunnskap og erfaring som eg gjerne vil dela med deg. Det er viktig for meg å halda fellesskapet vårt oppdatert om dei siste nyheitene og utviklinga rundt Ordbok API.

Tidlegare har eg delt informasjon og samhandla med fellesskapet vårt hovudsakleg gjennom Discord på [NLL][nll]. Dette fungerte bra i startfasen då prosjektet var meir ein hobby. Men etter kvart som tida har gått, og Ordbok API har utvikla seg, har prosjektet vakse frå denne måten å kommunisera på.

{%- include post-image.html
src="discord.png"
alt="Skjermbilete av diskusjon på Discord"
caption="Skjermbilete av diskusjon på Discord" -%}

Det er fleire grunnar til at eg har valt å starta denne bloggen:

- **Auka synlegheit**: Eg ynskjer å nå ut til eit breiare publikum og dela kunnskapen vår og erfaringane våre med fleire.
- **Fordjuping**: Bloggen gir ein meir detaljert og grundig gjennomgang av tekniske løysingar og designval. Den lèt meg utforska og forklara komplekse konsept på ein måte som er tilgjengeleg for alle.
- **Samarbeid og open source kultur**: Ved å dela innsikt og utfordringar ope håpar eg å inspirera til samarbeid og bidrag til fellesskapet, anten det er gjennom GitHub, diskusjonar på Discord eller andre plattformer der ein kjenner seg heime.

For dei av dykk som ynskjer å følgja med, kan de abonnera på bloggen vår [via RSS][rss], eller [registrera dykk for e-postvarslar][subscribe]. Eg delar òg oppdateringar på [Bluesky][bluesky].

> Sjølv om eg no lanserer ein blogg, vil eg framleis vera aktive og tilgjengelege på Discord for spørsmål og tilbakemeldingar.
{%- include post-image.html
src="vegkart.png"
alt="Prosjektet sitt vegkart over tidspunktet frå 2024 til byrjinga av 2025"
caption="Det gjeldande vegkartet til Ordbok API-prosjektet, med atterhald om endringar." -%}

I tida som kjem, ser eg fram til å dela innsikt i dei tekniske utfordringane eg har møtt, løysingane eg har funne og korleis det skal gå. Dette vil omfatta djupdykk i nye funksjonar, innblikk bak kulissane i arbeidsprosessen min, og dessutan informasjon om planane mine for framtida.

Eg ser fram til å dela prosjektet sin reisa med dykk og håpar at informasjonen vil vera både nyttig og inspirerande. Takk for at du er ein del av fellesskapet vårt, og eg ser fram til mange spennande diskusjonar i tida som kjem.

[nll]: https://norwegianlanguagelearning.no/
[bluesky]: https://bsky.app/profile/ordbokapi.org
[rss]: /feed.xml
[subscribe]: /subscribe/
Loading
Sorry, something went wrong. Reload?
Sorry, we cannot display this file.
Sorry, this file is invalid so it cannot be displayed.
Loading
Sorry, something went wrong. Reload?
Sorry, we cannot display this file.
Sorry, this file is invalid so it cannot be displayed.
Loading
Sorry, something went wrong. Reload?
Sorry, we cannot display this file.
Sorry, this file is invalid so it cannot be displayed.

0 comments on commit 8976337

Please sign in to comment.