/
README
28 lines (22 loc) · 1.27 KB
/
README
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
(denne har ikkje vore oppdatert på ei stund – det er sannsynlegvis meir
å henta frå https://github.com/apertium/apertium-nno og
https://github.com/apertium/apertium-nob , dix-filene der kategoriserer
ord etter paradigme som inkluderer fuge-informasjon)
-----
Ta kontakt med http://github.com/unhammer om du vil bidra :-)
Fugekodar:
S – fuge-s: informasjon + teknologi → informasjonsteknologi
E – fuge-e: mus + felle → muse-felle
N – nullbinding: telefon + svarar → telefonsvarar
K – vekk med siste bokstav: bilete + ramme → biletramme
F – «fuging forbudt», eller berre lov med bindestrek (eks.: «abc»)
Merk at fleire kodar samtidig er lov (eks. er både muspeikar og musepeikar OK).
La ord du er usikker på stå tomme. Fyll ut rett fuge-binding sjølv
om det er lite trulig ordet nokon gong vil dukka opp i samansetjingar.
Merk òg at s i fuge kan forekomma i lange ord sjølv om det ikkje gjer
det i tilsvarande korte ord. Eksempel: vinglas men raudvinsglas.
Heldigvis ligg dei vanligaste samansette orda i ordbanken, slik at
me kan markera «vin» som N og «raudvin» som S (og leva med at nye
lange ord som har «vin» inni seg ikkje vert rett attkjende).
Merk: e-fuge har ofte det motsette tilhøvet til samansetjing, ordet
«ulv» har E medan «bergulv» har N