-
Notifications
You must be signed in to change notification settings - Fork 0
Edit place name page
Her er skjema for redigering av stadnamn den 13.05.2019:
Dette feltet blir brukt til det første leddet i namnet også i dei tilfella der leddet eigentleg ikkje er eit utmerkingsledd. (Sjå Ølmheim (2008): s. 43-44)
Sambinding i ordet, som oftast ein vokal (a eller e) eller s.
«det viktigaste leddet» i stadnamnet, appellativet, t.d. berg, fjell, flat, elv
Bunden artikkel, en (m), a/i (f), et (n), ane/ene (pl), na (dersom hovudleddet sluttar med øy t.d.
Innsamlingsnummeret overført frå stadnamnlista. Frå 1 og oppover for kvart kartblad.
Oppskrivarforma, namnet slik inn-samlaren har skrive det på stadnamnlista.
Ei normert form av stadnamnet, slik filologen har normert på grunnlag av stadnamnlista og lydopptaket av uttalen. Lyd-opptaket er det styrande også filologens fagkunnskap ved tvilstilfelle. (Sjå Ølmheim (2008): s. 45-46)
Dette tyder lokalform på stadnamnet. Dette feltet er lite eller ikkje brukt – ei opplyst lokal form (på mikronivå?) i tillegg til oppskrivarforma.
Tyder alternativ form på stadnamnet, dersom det er forskjellige namneformer for stadnamnet. Dette er lite eller ikkje brukt.
Truleg ein generell ymsepost for uttale, der ein m.a. kan setje inn opplysningar frå andre kjelder. Ikkje eller lite brukt.
Eit slag enkel lydskrift som kan skrivast på eit vanleg datatastatur. Fylkesarkivet nyttar Sandøy, Helge: Transkripsjonssystem til norsk stadnamnbase : Innføring i transkripsjonsstandarden og katalog over dei fonologiske systema i stadnamnbasen. Bergen. Nordisk institutt, UiB. 1987. Her finn ein eit eige uttale-oppsett for mange av kommunane i Sogn og Fjordane (og heile landet).
N/A
Utarbeida til innsamlinga i 1985/86. Eit kodesystem for natur-forma på staden. Denne koden set vi berre på viss merknadsfeltet inneheld opplysning om naturforma.
Utarbeida til innsamlinga i 1985/86. Dette er kode for kulturforma eller den menneskelege bruken av staden. Den blir berre nytta viss merknadsfeltet har opplysningar om bruk. Kulturkode 1: Tidlegare bruk, t.d. kornåker, lauving.
Notidig bruk. (t.d. før potetåker, kulturkode 1, no slåtteeng, kulturkode 2). Denne er også avhengig av opplysningane i merknadsfeltet.
Det vi ynskjer oss her er naturform, tidlegare bruk og notidig bruk. Vi ynskjer oss også segner og soger med tilknyting til staden. Dette er eit svært stort felt, med plass til ca. 1 000 teikn.
Dette kan filologen nytte om han eller ho t.d. er usikker på normering, om lyd-opptaket ikkje er klart nok, eller om informanten normaliserer. Også brukt til alternativt namn på same plassen.
Dette fyller ein ut berre viss det er oppført i stadnamnlista. Det er ikkje mykje brukt. Eks. På (Storefjellet) i (Vetledalen) oppi (Skåri) nedi (Botnen).
Brukast om ein har dativform eller akkusativform av namnet i tillegg.
N/A
Dativforma av namnet viss det finst fleire former.
N/A
N/A
Opphavet til namnet – språkutvikling. Felt for forsking.
Ser at Gunnar U. har nytta feltet når han har lagt ut namn for andre (for Brynjar Takle). Eg, Randi Melvær, har byrja å bruke det viss eg endrar på opplysningar etter opplysningar frå namngjevne informantar.
Finn ein del slike, m.a. på fjell.
Segner og anna minnestoff knytt til namnet eller opphavet. Slikt stoff er ført i felt 16, merknadsfeltet, som er romsleg.
Norsk, samisk, andre.
Her kjem oppskrivarforma inn for stadnamn som blir publisert av friviljuge via fylkesatlas, på informasjonslaget «ikkje handsama av filolog». (Felt 6) Oppskr. er oppskrivarforma i stadnamnlistene som filologen handsamar.)
Nummeret på namnegarden eller matrikkelgarden.
Nummeret på bruket under namnegarden eller matrikkelgarden.
Namn på matrikkelgarden, det offisielle gardsnamnet.
N/A
Namn på kommunen.
Namn på fylket.
Plassering av namnelistene i magasinet i omslag og legg. A300 står for stadnamnsamlinga, o336 er omslag 336, l1 er legg 1.
Kvart lyd-opptak har eit nummer for kvar kassettbandside eller digitale lydfil.
Namnet på den som har kome med namneopplysningane. Skal helst skrivast invertert men det er gjort litt forskjellig. Her skal det helst stå Monsen, Petra men kan vere skriven Petra Monsen.
Namnet på den som har samla inn dette namnet. Skal helst skrivast invertert, men det er gjort litt forskjellig. Sjå forklaringa til felt 39.
For økonomisk kartverk er dette to bokstavar og fem siffer (ikkje mellomrom), for fjellkart fire vanlege tal, - (bindestrek) og så romartal frå I til IV.(Ingen mellomrom her heller).
Namn på kartet.
Reknast frå hjørnet øvst til venstre: bortover a, b, c osb., nedover 1,2,3 osb.
Her trykkjer filologen for å sleppe å skrive inn opplysningar som gjeld fleire namn. (felta … til …)
Blir automatisk fylt ut viss namnet er lagt inn med gardsnummer, består av kommunenummer + gardsnummer. (Dette stemmer ikkje i dag.)
Felt for publisert lyd, fire siffer.
Felt for foto.
Desse koordinata kjem frå Fylkesatlas.no.
Desse felta vert rekna automatisk ut etter koordinata frå WGS 84 (EPSG:32633) / UTM33.
Her lagrar ein endringar som er gjort i namneposten.
Her kan ein slette heile namneposten. Ein får kontroll-spørsmål om ein verkeleg vil slette namneposten.
Snarveg-lenke til denne dokumentasjonen.
Snarveg-lenke til stadnamn-søkeside der kartnummeret, frå stadnamnet, er fylt ut.